Velkommen til GriMsdalshytta i vinter

Utsikt fra Grimsdalshytta
Utsikt fra Grimsdalshytta

Kjærasteparet Sonja Rykhus frå Dovre og Rune Sundt frå Otta har leika med tanken på å gjere noko anna, om enn berre for eit år. Då vertskap åt Grimsdalshytta vart lyst ut, bestemte dei seg for å søkje. Mandag takka dei ja til DNT Oslo og omegn om å drifte Grimsdalshytta.

Sonja arbeider som mat-og helselærar på Lesja skule, og Rune Sundt er ambulansesjåfør. Dei er spente på utfordringane, men gler seg.

– Vi har ikkje erfaring innanfor turisme, men eg trur DNT meiner vi utfyller kvarandre godt med kompetansa vår, seier Sonja.

Rune er utdanna elektrikar, og har erfaring som snekker etter ein del prosjekt saman med faren og aleine. Sonja er engasjert i matlaging utanom lærarjobben, og har vidareutdanning innan lokalmat.

Bli med på tur til Grimsdalshytta i vinter. Se alle turene her.